Ein herleg og fresh gjeng på tradisjonstreff

Publisert: 11.12.2019

Pensjonistmedlemmene sitt fjortande advensttreff var denne gongen lagd til Kløver Hotell. Ein svært variert og velsmakande buffet var ramma rundt det heile.

Pensjonistkontakt Aile Sahr Volden åpna med opplesing. Seinare hengde fleire seg på med eigne dikt og innlegg. Juletonane frå i fjor og åra før blei sungne om igjen, og mange medlemmer hadde som før, ordna med ulike kjekke konkurransar.

Pensjonistkontakt Aile blei av den feststemde forsamlinga, heidra med ein eigen pomp-og-prakt-song. Av lokallagsstyret fekk ho blomar og termos for lang og entusiastisk teneste. Når gir Aile stafettpinnen vidare til ei ny leiing for den største og mest-aukande gruppa i lokallaget.

Elles orienterte lokallagsleiar om at Utdanningsforbundet i Sauda og Suldal har stand saman med Pedagogstudentene UiS ved Yrkesmessa 16. januar. Saman med dei to representantane frå Pedagogstudentene kjem det to unge menn frå Sauda for tar lærarutdanninga si i Stavanger.