Reverser rasering av vidaregåande opplæring no!

Møre og Romsdal
Foto: Utdanningsforbundet

Kutta i vidaregåande skule i Møre og Romsdal vil få konsekvensar for unge sin rett til eit likeverdig opplæringstilbod, og samtidig vil auke tala i fråfallsstatistikken. Utdanningsforbundet meiner at vedtaka gjort av fylkestinget er ikkje noko mindre enn ein tragedie for vidaregåande opplæring.

Publisert 27.02.2020

Politikarane vedtok i desember 2019 eit kutt på om lag 100 millionar for vidaregåande opplæring. Konsekvensar med dette drastiske og etter politikarane sine utsegn naudsynte kuttet, vart  nedlegging av utdanningstilbod, nedlegging av Vanylven vgs, omfattande  debatt av skulestrukturen, overtal av  lærarar, flytting og nedskjering av enkelte andre utdanningsprogram.  Kort sagt det Utdanningsforbundet har karakterisert som ei rasering av vidaregåande opplæring.

 Utdanningsforbundet sine medlemer gjekk til politisk aksjon samt avisinnlegg og uttale i media. Vi åtvara sterkt mot den utviklinga for vidaregåande opplæring vi såg kome.

Så kom kontrabeskjeden denne veka! Møre og Romsdal fylkeskommune noterte tidenes overskot på over kr. 300 millionar for 2019!  

Å få servert dette resultatet gir oss grunn til å stille store spørsmål ved kva for styring politikarane har når det gjeld drift av fylkeskommunen sine tenester. 

Det gir ein beisk bismak når vi tenkjer tilbake til fjoråret  og dei drastiske kutta  som vart gjort i utdanningssektoren. Kutt som vil få konsekvensar for unge sin rett til eit likeverdig opplæringstilbod, og samtidig vil  auke tala i fråfallsstatistikken. Utdanningsforbundet meiner at  vedtaka gjort av fylkestinget  er  ikkje noko mindre enn ein tragedie for vidaregåande opplæring.

Vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal  har drive svært kostnadseffektivt  med gode resultat i mange år. Trass i at  at vi har ein desentralisert skulestruktur,  er store på yrkesfag, og gir eit breitt tilbod på det politikarane vel å kalle dyre utdanningsprogram som MDD.   

Likevel valde eit fleirtal i fylkestinget å skjære kraftig ned i budsjetta til skulane!

No ser  vi at dei same politikarane heller ikkje vil bruke noko av dette enorme overskotet til å rette opp  den skaden dei har påført vidaregåande opplæring.  Dei hevdar at det er for seint å snu, noko Utdanningsforbundet er sterkt usamde i.

Utdanning og opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen. Elevar i vidaregåande skular har rett til å få sin del av overskotet for å kunne sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod!

Politikarane har no høve til å reversere dei kutta dei såg seg nøydde til å gjere i 2019!

Utdanningsforbundet forvntar at dei grip denne sjansen!

 

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

 

Gerd Botn Brattli                                   Håvard Moe

Fylkesleiar                                             Nestleiar

 

Innlegget står også i Romsdals budstikke.