Fylkesstyret sine medlemsråd er oppnemnt

Fylkesstyret har oppnemnt tre medlemsråd som skal vere rådgjevande for kontaktpersonane og styret: medlemsråd for grunnskule, vidaregåande og fagskule og universitet og høgskule.

Fylkesstyret har behov for å få fram medlemsstemma som grunnlag for politikkutvikling i organisasjonen. Styret er eit bindeledd mellom lokalt og sentralt nivå og kontaktpersonane for dei ulike medlemsgruppene og leiarrepresentanten i styret skal i tillegg vere orientert i kva som rører seg innanfor si gruppe og målbere dette vidare.

Dei ulike medlemsgruppene har ulike behov for måten dette skal organiserast på. Dei fora som blir oppretta skal vere eit supplement til den direkte linka mellom organisasjonsnivåa og vere ein arena for meiningsutveksling.

Rolla til medlemmene i råda skal vere å gje innspel om aktuelle saker som det er viktig at fylkesstyret er merksam på. Medlemsråda skal på same tid bidra til å utvikle politikk. Dei kan og vere ein kanal inn mot sentrale kontaktfora. I saker som skal handsamast i medlemsråda vil medlemmene gjennom sin bakgrunn på ulike nivå i organisasjonen bidra med sine innspel og synspunkt i ulike saker. Råda vil på denne måten vere rådgjevande for kontaktpersonane.

Gjennom medlemmene i medlemsråda når stemma frå arbeidsplass- og lokallagsstyrenivå til fylkes- og sentralleddet i organisasjonen i mange ulike saker.

Medlemmene i medlemsråda må vere medvitne på dette ansvaret, og for at dei ikkje berre målber eigne meiningar, men meiningar frå medlemmene dei representerer. Dette fordrar gode prosessar og dialog med medlemmene og kapasitet til å bidra.

Følgande personar er oppnment til dei ulike medlemsråda:

Medlemsråd grunnskule

Samansetting av rådet

·       13 medlemmer inkludert leiar og nestleiar.

·       Kontaktperson grunnskule er leiar for medlemsrådet, vara kontaktperson er nestleiar.

·       Medlemmene skal vera årsmøtevalde tillitsvalde frå grunnskule på lokallagsnivå.

·       Tillitsvalde frå arbeidsplassnivå kan vera aktuelle for å supplera rådet.

·       Vaksenopplæringa og private skular skal vera representerte så langt det er råd.

·       Andre frå fylkesstyret frå medlemsgruppe grunnskule kan vere observatørar til rådet, med møte- og talerett, men er ikkje faste medlemmer. 

·       Fylkesstyret har bedt medlemsrådet supplere rådet med eit medlem frå privat tariffområde.

Namn

Lokallag

Skuleslag

Marit Himle Pedersen Stord

Fylkesstyret, kontaktperson GRS
Leiar av rådet

Heidi Rennestraum Vik

Fylkesstyret, vara kontaktperson GRS
Nestleiar av rådet

Anders Gjeraker Voss Ungdomsskule
Inger Lise Engelstad Gloppen Barneskule
Kjersti Midtbø Kinn Barneskule og vaksenopplæring
Marit Hindenes Bergen Barneskule
Kari Anne Ålvik Årdal Kombinert skule
Anne Barbra Sundsbak Askøy Ungdomsskule
Rune Morten Sande Sunnfjord Ungdomsskule
Jarle Næss Alver Ungdomsskule
Kathrin Innvær Ankervold Fitjar Kombinert skule
Jonatan Gniste Stord Ungdomsskule
Vibecke Hodnekvam Øygarden Barneskule

Medlemsråd vidaregåande opplæring og fagskule

Samansetting av rådet

·       13 medlemmer inkludert leiar og nestleiar

·       Kontaktperson VGO og fagskule er leiar for medlemsrådet, vara kontaktperson er  nestleiar

·       HTV-F i fylkesstyret

·       Andre hovudtillitsvalde i fylkeskommunen ved behov.

·       Medlemmene skal enten vere årsmøtevalde tillitsvalde frå VGO og fagskule på lokallagsnivå eller arbeidsplasstillitsvalde på VGO eller fagskule

·       Private skular og fagskulane skal vere representerte så langt det er råd

·       Både medlemmar med erfaring frå yrkesfag, studieførebuande studieretningar og vaksenopplæring samt leiarane skal vere representerte så langt det er råd

·       Samansetjinga skal spegle geografien i fylket

Namn

Lokallag

Arbeidsstad

Sabine Exner Gloppen Fylkesstyret, kontaktperson VGO
Leiar av rådet
Ane Aadland Bergen Fylkesstyret, vara kontaktperson VGO
Nestleiar av rådet
Linda Solhaug Bjørnafjorden Hovudtillitsvald VLFK
Heidi Sille Stenhaug Alver Knarvik vidaregåande skule
Gunnhild Vatna Ersland Stord Stord vidaregåande skule
Arnfrid Grasdal Kvinnherad Kvinnherad vidaregåande skule
Hege Beate Hagen Øygarden Sotra vidaregåande skule
Terje Seim Haugen Bergen Årstad videregående skole
Live Hyrve Voss Voss vidaregåande skule
Kjell Arne Kallevik Bergen Bergen private gymnas
Jorunn Tavares Kårstad Gloppen Firda vidaregåande skule
Silje Lene Mæland Bergen Sandsli VGS
Inger Ane Nødseth Kinn Flora vidaregåande skule


Medlemsråd universitet og høgskule

Samansetting av rådet

·       Kontaktperson UH i fylkesstyret er leiar for medlemsrådet

·       Hovudtillitsvalde og tillitsvalde på campus for HVL, UiB og NLA

·       Eit anna medlem frå fylkesstyret er nestleiar

·       Ein tilsett frå fylkeslaget vil vere fast medlem av rådet

·       Kontaktperson for UH i lokallagsstyret i dei lokallag som har campus

·       Andre frå fylkesstyret kan vere observatørar til rådet, ikkje fast medlem

·       Medlemsråd UH inviterer inn representant frå Peagogstudentene, no Lærarstudentene, ved behov

Namn

Lokallag

Arbeidsstad

Hilde Omdalsmoen Fidje Bergen Fylkesstyret, kontaktperson UH, hovudtillitsvald UiB
Leiar av rådet
Mildrid Kronborg Økland Osterøy Nestleiar i fylkesstyret
Nestleiar av rådet
Anne Synnøve Nilsen - Rådgjevar i Utdanningsforbundet Vestland
Aslaug Furholt Bergen Hovudtillitsvald HVL, campus Kronstad
Kristine Hjelle Bergen Tillitsvald HVL, campus Kronstad
Helga Aadland Stord Tillitsvald HVL, campus Stord
Sylvia Hole Sogndal Tillitsvald HVL, campus Sogndal
Kari Kvandal Bergen Hovudtillitsvald NLA
Bente Myrtveit Bergen Lokallagsleiar
Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal Stord Lokallagsstyremedlem

Representant frå lokallaget i Sogndal blir etteroppnemnd.

Medlemsrådet for UH blir automatisk regulert viss det blir byte i tillitsvalde på arbeidsplassane eller i lokallagsstyret. Då vil fylkesstyret bli orientert.

Møtefrekvensen i dei enkelte medlemsråda blir på om lag 4 møte per år, med digital kontakt mellom møta.